Økofrukttur til Danmark for dyrkarar, rettleiarar og andre i næringa

Økofrukttur til Danmark for dyrkarar, rettleiarar og andre i næringa

Gartnerhallen-produsent Lars Nå har vært på studietur arrangert av LNR Vest og gitt oss denne rapporten.

LNR har ansvaret for økofrukt etter at foregangsfylkene for økologisk produksjon ble avviklet ved årsskiftet og to de 13 deltakerne med på besøk til pakkeriet GasaNordgrønt,  produsentene Laust Jensen, Kirsten Rohde, Ventegodtgård, Hellas Frugtplantage og Svanholm gods.

Første stopp var på Gasa Norgrønt, eit av Danmarks største fruktpakkeri med eige mosteri og tappelinje.
Pakkeriet er 100 % medlemseigd og får årleg inn 4 – 4,5 tusen tonn eple, omtrent det doble av dei største fruktpakkeria i Norge. For lagring av så store volum hadde dei moderne ULO lager, dei siste epla vart i år sortert i slutten av april.
Med den auka epleproduksjonen som er forventa i Norge dei neste åra vert rett lagring meir og meir viktig. Fleire fruktpakkeri her i landet har også ULO lager, men me manglar sannsynlegvis ein del kunnskap og erfaring rundt rett bruk.

Eplemostsmaking
Foto: Lars Nå

Deretter var det 4 gardsbesøk til fruktgardar med varierande storleik frå 15 til 1050 dekar.
Av samla epleareal i Danmark på omtrent 15000 dekar er ca 1/3 økologisk.
Laust Jensen på den idylliske øya Fejø hadde det største bruket med 1050 dekar frukt og 1800 dekar korn. I 2018 produserte han 3800 tonn eple, av dette var ca 1/3 økologisk. Her var det moderne plantingar med intensiv drift. Han hadde eige pakkeri med ULO lager, og også eige mosteri for å utnytta epleavlingane maksimalt. Varene vart for det meste levert til Coop.

I Danmark er ca 30 % av frukt og grønt omsetninga i matvarekjedene økologiske varer, og dei store kjedene set krav til pakkeri og enkeltprodusentar at dei skal ha som mål å levera ca 30 % av produksjonen som økologisk.
Dette er stor forskjell i forhold til Norge, der den økologiske marnadsandelen av grøntomsetninga er vesentleg lågare.
Danmark har også nasjonale politiske vedtak på prosentandel økologiske varer i offentlege innkjøp ( til skular, sjukehus, forsvar mm ). Dette burde me og fått politisk gjennomslag for i Norge, her har berre enkelte kommunar slike vedtak, basert på kommunal politisk vilje.

Neste dyrkarbesøk var hjå Kirsten Rhode Jensen som hadde 15 dekar økologiske eple. Ein stor kontrast til forrige besøk, også når det gjaldt drift og tankegang bak produksjonen. Her vart det ikkje brukt nokon form for plantevernmidlar, svært lite gjødsel og omtrent ingen beskjæring av trea. I Danmark er det lovleg å bruka feromonforstyrrarar mot epleviklar i økologisk produksjon, det var det einaste tiltaket mot insekt som vart brukt her. Dette er små strips med luktstoff frå hosommarfuglane som vert festa på greinene. Luktstoffet tiltrekkjer hannane som i dette tilfellet ikkje får oppfylt sitt ynskje. Eit svært miljøvenleg tiltak som merkeleg nok ikkje er godkjent i Norge. Me har ein stor epledyrkar her i landet som har gitt opp økologisk produksjon pga. dette, eit paradoks der me bør få ei endring av lovverket vårt.

Ein stor del av avlinga gjekk til eplemost og mjød som Kirsten leverte direkte til hotell og restaurantar i København, bl.a. står den kjente restauranten Noma på kundelista.

Siste gardsbesøk var på Hellas fruktplantage som er Danmarks eldste økologiske fruktgard dreven frå 1962. Her var det ca 70 dekar økologisk frukthage, moderne og velstelt. Avlinga med konsumkvalitet vart levert til fruktlager, som alle andre lagde dei sin eigen most for direktesalg av det som ikkje hadde denne kvaliteten.

Det var ein del fellesnevnarar for den praktiske drifta på gardane. Som gjødsel vart det hos alle brukt gylle frå gris eller tørka hønsegjødsel. Mot epleskurv vart det brukt svovelpulver som førebyggjande tiltak og bakepulver kurativt, alt etter varsel frå klimastasjon (Rimpro).
Ugrasbekjempinga vart hos alle gjort med mekanisk utstyr på traktor. Dette vert no og brukt meir og meir i den konvensjonelle produksjonen for å redusera bruken av glyfosat. Den økologiske produksjonen hadde på fleire måtar ein viktig spydspissfunksjon overfor den konvensjonelle delen av næringa. Dette er det viktig at me tenkjer på også i Norge.

Hos oss er forbrukartilliten til det konvensjonelle landbruket mykje større enn i Danmark. Dette skal me vera glade for, men samtidig bør me ha som mål å auka den økologiske produksjonen. Framover ser me for oss meir miljøbevisste forbrukarar som etterspør økologiske varer. Me bør då ha som mål å produsera så mykje me kan av disse varene sjølve her i landet. Denne kundegruppa vil alltid føretrekkja kortreiste økologiske varer i staden for import, og sannsynlegvis er gruppa aukande.

Til slutt er det svært viktig at me som produsentar får synleggjort varene våre overfor forbrukarane.
Når det gjeld marknadsføring av økologiske landbruksvarer har me ein lang veg å gå i Norge, og her kan me læra mykje av Danmark.

Foto: Lars Nå