Vest vil ta del i veksten
Ivar Slinde frå Sogndal er klar for ein ny periode som leiar i regionrådet i GH Vest.
Ivar Slinde frå Sogndal er klar for ein ny periode som leiar i regionrådet i GH Vest.
GH Vest er Gartnerhallen si største region målt i tal på medlemmer, med nesten 400 produsentar frå Vestland og Møre og Romsdal. Frukt og bær er dominerande produksjonar i regionen, men det er også stor produksjon av potet og grønsaker på Smøla, i Sunndal og i Lærdal. Det er også ein viss agurkproduksjon i veksthus i regionen.
På regionen si årssamling nyleg, ble Ivar Slinde gjenvald som leiar i regionrådet. Vi har stilt Slinde nokon spørsmål om regionen, vervet og forventingane til det kommande arbeidsåret.
Beskriv deg sjølv, Ivar - kvar bur du, kva produserer du og kor lenge har du vore tillitsvald i Gartnerhallen?
– Eg bur og driv fruktgard på Slinde i Sogndal kommune med produksjon av plommer, pærer og eple, og har vore tillitsvalt i GH i cirka 10 år. Eg har også ein del politiske verv, som medlem i kommunestyre og medlem i Plan og Forvaltning. Eg er gift og har tre utflytta barn.
Kva meiner du kjenneteiknar grøntprodusentene og produksjonen i nettopp GH Vest?
– Det er stor fruktproduksjon på mange små bruk med mange til dels små produsentar i bratt terreng og ein del grønsaksproduksjon i områder der det ligg til rette for det. Det spesielle klima ved fjordane gjer oss mindre sårbar for frost i bløming og vekstsesong elles.
Kva blir dei viktigaste sakene som du og regionrådet vil jobbe for i 2022?
– Det viktigaste for oss er ta vår del av den veksten som er sagt, både i Gartnerhallen og i Grøn Vekst-rapporten, i dei kulturane vi har forutsetningar for å auke på.
Kva motiverer deg til å ta vervet som leiar i regionrådet?
– Ein vert kjent med mange folk i ulike kulturar og med ulike utfordringar. Har etter kvart opparbeida kjennskap til personar innan dei ulike organisasjonane og offentleg forvalting. Eit godt fagmiljø og gode relasjonar til regionstyret, styret og administrasjon motiverer også.
Med seg i regionrådet får Slinde følgje av nestleiar Ole Wegard Iversen, og medlemmene Mette Heiberg, Signe Opdal og Gunnhild Jaastad. Vi ynskjer lykke til med nok eit godt og aktivt år i GH Vest!