Norske eple på veg til butikkane
Endeleg er eplesesongen i gong i heile landet! Nærare 300 Gartnerhallen-produsentar gjer no ein stor innsats for å levere norske eple til forbrukarar frå nord til sør.
Endeleg er eplesesongen i gong i heile landet! Nærare 300 Gartnerhallen-produsentar gjer no ein stor innsats for å levere norske eple til forbrukarar frå nord til sør.
Frå veke 37 er pakkinga av eple i gang i alle fruktpakkeria. Dermed kan forbrukarane glede seg over god tilgang på norske eple framover.
– Vi i Gartnerhallen har meldt inn ein prognose per 1. september på totalt 6750 tonn eple. Dette er om lag 3 prosent meir enn det vi selde i fjor, seier Gro Skeie, sentral kulturansvarleg produsent (SKP) på frukt i Gartnerhallen.
Gro Skeie, sentral kulturansvarleg produsent (SKP) på frukt i Gartnerhallen. Foto: Privat.
Skeie gler seg over at epla no er på full fart ut i butikkane, etter det ho omtaler som ein spesiell fruktsesong så langt.
– I alle regionane byrja våren med kulde under blomstringa, noko som gav utfordringar for pollinering og fruktsetjing. Samstundes utvikla sesongen seg svært ulikt rundt om i landet. På Austlandet har ein varm og fin sommar gjeve gode vekstvilkår, medan Vestlandet har hatt ein uvanleg regnfull sesong, forklarer ho.
Resultatet er store lokale skilnader, særleg på Vestlandet. Fleire produsentar melder om uvanleg stor variasjon både i avling og fruktstorleik mellom felta sine.
Likevel er optimismen stor no når innhaustinga går for fullt.
– Til saman er det 280 små og store epleprodusentar i seks ulike regionar som gjer ein stor innsats for å få inn epla sine til rett tid, slik at vi kan dekkje det løpande behovet i marknaden.
Av prognosen på 6750 tonn skal om lag 90 prosent seljast i den "tradisjonelle" norske sesongen, det vil seie fram til 1. desember.
– Om lag ein tredel av volumet er "Raud Aroma". "Discovery", som er ein av dei første sortane ut i butikkane, er den nest største sorten. Deretter følgjer "Rubinstep", "Gravenstein" og "Summerred".
Samstundes er dei nye sortane "Asfari", "Eden" og "Fryd" på veg opp i volum etter auka planting dei siste åra, og til saman vil dette gje forbrukarene tilgang på eit godt mangfald av norske eple gjennom hausten.
Bak kvart eple som kjem i butikkhylla, ligg det mykje arbeid. Dei siste åra har Gartnerhallen og produsentane arbeidd målretta for å styrkje kvaliteten på norsk frukt.
Gjennom felles råvarespesifikasjonar, tydelegare krav og meir einsarta praksis har produsentane utvikla produksjonen vidare.
– Produsentane våre er svært dyktige, og vi ser at målretta kvalitetsarbeid gir resultat. Målet er at forbrukarane skal oppleve norske eple med jamt høg kvalitet, uavhengig av kvar i landet dei handlar, seier Gro.
Mange forbrukarer gler seg til den norske eplehausten, og interessa for norsk frukt held seg sterk.
– Eg har stor tru på 2026-sesongen. Trass i utfordrande vêrtilhøve fleire stader i landet ser vi mykje fin frukt, og vi ventar god kvalitet ut i butikkane. Samstundes opplever vi stor vilje frå handelen til å selje norsk når produkta er tilgjengelege. No håpar vi at forbrukarane held fram med å etterspørje norske eple og støttar norske produsentar gjennom sesongen, seier Skeie.
For dei mange Gartnerhallen-produsentane som no er midt i innhaustinga, handler dei neste vekene om å få epla inn til rett tid og med rett kvalitet. Saman sørgjer dei for at norske forbrukarar kan velje norske eple gjennom heile hausten.