Frist for innspel og godt grunna forslag er onsdag 4. oktober.
Kvifor ein innovasjonspris?
Gartnerhallen har som mål å sikre eit sterkt fokus på utvikling og nytenking innan bransjen vår. Dette for å kunne bidra til ein framleis konkurransedyktig norsk produksjon av varer som marknaden etterspør.
Innovasjonsprisen er ein heiderspris til den eller dei som gjer ein særskild innsats på dette området, og der igjennom bidreg til auka produksjons- og foredlingsmoglegheiter innan frukt – og grønt for Gartnerhallen sine eigarar.
I tillegg til heider og ære, får vinnaren av Innovasjonsprisen 2023 kroner 50.000,-.
Kven kan nominere?
Det er ope for alle å nominere kandidatar til Gartnerhallen sin innovasjonspris.
Nominasjonar og god grunning sendes til gabriela.lundberg@gartnerhallen.no.
Frist 4.oktober.
Kven kan nominerast?
- Produsentar i Gartnerhallen SA.
- Produsentsamenslutningar i Gartnerhallen.
- Einheiter i Gartnerhallen.
- Pakkeri tilknytta varestraumen som pakker produkt fra Gartnerhallenprodusentar.
- Foredlingsindustri som arbeidar med produkt fra Gartnerhallenprodusentar.
- Samarbeidspartnarar i Gartnerhallen si verdikjede.
Kriteria for tildeling
Den nominerte bør oppfylle ein eller fleire av følgande kriteria:
- Å ha sett moglegheiter for nye produkt som marknaden vil ha, og tilrettelagt og arbeida for at produksjon av disse produkta har blitt igangsett
Aktuelle tiltak kan vere produksjonstekniske løysingar innan pakkingsløysingar, emballasje, rasjonell varestraumlinje eller utvikling som har gitt samarbeidsløysingar produsentar i mellom.
- Arbeid som har bidrege til nye eller betra produksjonstekniske løysingar
Aktuelle tiltak kan vere innan ny teknologi, dyrkingsmetoder eller liknande.
- Arbeid som har bidrege til positiv utvikling i sal og omsetnad av enkeltkulturar
Aktuelle tiltak kan vere betra løysingar på haldbarheit eller utvida norsk sesong i form av nye sorter, dyrkingsteknikk eller lagring.
- Samordning og utvikling av oppgåver og prosesser i produksjonen, som har gitt ein meir rasjonell produksjon og vareomsetjing for produktet og der igjennom auka verdiskaping for alle ledd i verdikjeda.
Tidlegare vinnarar av innovasjonsprisen er:
- Myhrene AS (2021)
- Skjærgaarden gartneri (2018)
- Per Odd Gjestvang (2016)
- Roy Hasle (2014)
- Larvik Løk (2012)
- Det norske bringebæreventyret (2010)
- Stine Mølstad (2008)
Se finalistene til Gartnerhallens Innovasjonspris i 2021:
Har du spørsmål om innovasjonsprisen, kontakt gjerne: Gabriela Lundberg FoU- og innovasjonssjef og sekretær for juryen Tlf.: 45 25 98 13 E-post: gabriela.lundberg@gartnerhallen.no
Gartnerhallen sin innovasjonspris er ein heiderspris til den eller dei som særleg utpeikar seg innan utvikling og nytenking i norsk grøntproduksjon. Prisen blir delt ut for tiande gong på Gartnerhallen-kongressen 16.-17. november 2023.